LOS Elektro sikrar ny storkontrakt på Sotrasambandet

LOS Gruppen
-
9/8/2024

LOS Elektro har no inngått ein omfattande kontrakt om leveranse av komplett elektroinstallasjon for Sotrasambandet. I mai 2023 vart LOS kontakta av eit spansk selskap angåande anbod for Sotrasambandet. Den fullstendige anbodsrunden starta i desember 2023, og kontrakten vart signert 23. juli 2024. Dette er ei av dei største kontraktane til LOS Elektro. Planlegginga tek til no i august, og det er venta at arbeidet i felt startar i løpet av våren 2025.

Kontrakten omfattar arbeid langs vegar, i tunnelar, på hengebruer, undergangar, fortau og sykkelvegar. Det er eit stort prosjekt, og me ser fram til eit godt samarbeid med alle involverte aktørar. Kontaktspartnaren vår er Sice, medan byggherre er Sotra Link Construction Joint Venture og sluttkunden er Statens vegvesen.  

Arbeidet vil bli leia frå prosjektavdelinga vår i Bergen, men med nødvendig administrativ støtte frå Bømlo. Denne kontrakten bidrar til å sikre sysselsettinga for prosjektavdelinga vår over lang tid. Dette gir oss eit godt fotfeste innanfor infrastrukturprosjekt, og er eit flott oppfølgingsprosjekt etter Bybane-prosjektet.

Me ser fram til å vise at me er ein påliteleg partnar for store, komplekse prosjekt, og til å bidra til utviklinga av Sotrasambandet.

Interessert i noen av våre tjenester?

Lurer du på hvordan vi kan hjelpe deg?