LOS Elektro har ein årleg tradisjon med å heidra medarbeidarar som når viktige milepælar i selskapet. På julebordet i år vart fleire jubilantar med 30 år, 25 år og 10 år i LOS Elektro feira for sin innsats og lojalitet. I tillegg fekk me gleda av å markera medarbeidarar som har oppnådd fagbrev.
Lærlingane våre er hjartet av bedrifta vår. Dei er uvurderlege bidragsytarar som utgjer den viktigaste delen av LOS Elektro. At dei oppnår fagbrev er eit viktig steg i karrieren, og det er inspirerande å sjå nye fagfolk utvikla seg og styrke laget vårt. Alle våre dyktige og dedikerte medarbeidarar er grunnlaget for suksessen til LOS Elektro, og denne årlege markeringa gir oss eit viktig høve til å takka nokre av dei for innsatsen.
Me er utruleg stolte over alle som bidreg til LOS Elektro si utvikling, og ser fram til vidare samarbeid i åra som kjem. Tusen takk for solid innsats og lojalitet!