I anledning kvinnedagen ønskjer LOS Elektro å sette søkelys på viktigheita av mangfald i elektrobransjen. Elektroyrket er for alle, uavhengig av kjønn.
Elektrobransjen har tradisjonelt vore mannsdominert, men fleire kvinner ser no moglegheitene i faget. LOS Elektro er stolte av å ha ein prosentandel kvinner i bedrifta som er nesten dobbelt så høg som landsgjennomsnittet. Ein av dei er førsteårslærling Helene Gjøsæter, som har funne seg godt til rette i LOS Elektro.
– LOS Elektro er ein plass for alle, seier Helene. Ho fortel at ho har blitt godt tatt imot og opplever eit godt arbeidsmiljø der ulike erfaringar og perspektiv blir verdsett. Helene ser for seg ei framtid i selskapet og håpar fleire vil få augo opp for dei moglegheitene elektrobransjen byr på.
LOS Elektro oppmodar alle som vurderer ei framtid som elektrikar til å ta fagbrev og bli ein del av bransjen. Med eit aukande behov for kvalifiserte fagfolk er det viktig å rekruttere frå heile befolkninga. Eit større mangfald bidrar ikkje berre til eit betre arbeidsmiljø, men også til innovasjon og utvikling i faget.
På kvinnedagen feirar me dei som går foran og viser veg – og me heiar på alle som vel elektro som karriereveg!