I løpet av nokre veker har to elektrikarar frå LOS Elektro skifta ut over 400 lysrøyrarmaturer til moderne LED-belysning i Maurtua Barnehage. Med den nye LED-belysninga får barnehagen betre lysforhold og meir stabile lyskjelder, noko som gjer kvardagen betre for både born og tilsette. LED-lys avgjer og mindre varme, som minskar brannfaren og aukar tryggleiken for borna.
– LED-lys har ei levetid på opptil 100 000 timar, noko som tilsvarar om lag 35 år ved eit forbruk på 10 timar dagleg. I tillegg krev dei mindre vedlikehald enn tradisjonelle lyskjelder, fortel Inge F. Tverborgvik frå LOS Elektro. LED-lysa gjer ei betydeleg reduksjon i straumforbruket, noko som reduserer straumutgiftene, samstundes som overgangen til LED-lys er bra for miljøet. Investeringa i dei nye lysa vil vere spart inn igjen på få år.
Varierte oppdrag i ulike bygg
LOS Elektro jobbar med effektive og miljøbesparande løysingar over alt, ikkje berre i store industribygg, men òg i bygg som mange av innbyggjarane våre oppheld seg i til dagleg – som barnehagar og skular. Maurtua Barnehage-prosjektet er eit døme på korleis ein heile tida jobbar med å modernisere det elektriske anlegget og tilpasse det til nye behov.
For lærlingen Sondre Alvsvåg, som har vore hos LOS Elektro i seks månader, har prosjektet vore ein del av eit variert læreforløp. – Eg har fått jobba mykje med bedriftskundar, men har òg vore på oppdrag i privatmarknaden. Eg har vore innom mange ulike prosjekt, til dømes fleire oppdrettsbedrifter. Det gjer kvardagen variert og lærerik, seier han.
Ein arbeidskvardag med mange prosjekt
For Alvsvåg var det litt tilfeldig at han hamna i LOS Elektro, men han angrar ikkje på valet. – Det er ein kjekk plass å jobbe. Me har eit sosialt arbeidsmiljø, og me jobbar ofte i team om å løyse oppgåvene, eller i same bygg som andre kollegar. Arbeidet er variert, og ein får sjå mange ulike sider av elektrobransjen, legg han til.
LOS Elektro sitt arbeid i Maurtua Barnehage viser korleis elektriske installasjonar blir oppgradert for å møte nye krav. Med stadig utvikling i teknologi og lysløysingar er det viktig å halde tritt med nye moglegheiter og sikre gode arbeids- og læringsmiljø for dei som brukar bygga til dagleg.
Me takkar Maurtua for eit viktig oppdrag, og håpar at de vert nøgd med ny belysning.