Fjord1 er et av Norges største ferjereiarlag med nærare 70 fartøy i operasjon, og har mange nye under bygging. – Det er svært gledeleg at Fjord 1 no har signert rammeavtale med LOS Marine som ein av fleire samarbeidspartnar på service og vedlikehald av sine fartøy, seier dagleg leiar Olav Hilmar Koløy. – Begge partar har intensjon om å vidareutvikle eit godt samarbeid. Fjord1 er ein svært viktig kunde for oss, ikkje minst fordi reiarlaget har tatt ei leiande rolla innan det grøne skiftet i norsk transportnæring.
Styrker LOS Marine si satsing
– Avtalen styrker vår satsing på å utvikle mekanisk avdeling, vi vil ta inn lærlingar i dei fleste fag og vidareutvikle fagmiljøet på Rubbestadneset som LOS er ein del av og har vore kjent for i generasjonar, seier Koløy. Han legg til at denne avtalen gjer framtida meir føreseieleg og større stabilitet i drifta. – Fjord1 vil ha ansvar for elleve samband i Hordaland frå 2020, så me ligg sentralt til i forhold til å delta i konkurranse om oppdrag frå Fjord 1. Me er fleksible og opptatt av å finna dei beste løysingane for kundane både når dei kjem til oss og i dagleg drift.
Begge partar satsar grønt
Fjord 1 har i det siste vunne mange av anboda på ferjeruter i Norge kor miljø er eit viktig kriterium. Innkjøpsleiar Ingrid B. Namdal fortel at Fjord1 gjennom si ferjedrift er opptatt av lågast mogleg energifotavtrykk. – Vår satsing på framtidsretta, hybride framdriftsløysingar krev kompetanse på dei nye energiberarane og der stiller LOS Marine sterkt når dette er på plass, legg Namdal til. – Den maritime satsinga og det sterke fagmiljøet på Rubbestadneset med blant anna Los Elektro AS betyr mykje, seier ho.
Vil få ringverknader lokalt og i regionen
– Den store ferjeflåten som no vil komma innom Rubbestadneset betyr sjølvsagt mykje for vår drift, inklusivt i søster bedrifta Los Elektro AS ,men også for andre bedrifter lokalt, seier Koløy i LOS Marine. – Me har høg merksemd på HMS og kvalitet med sertifisering innan ISO 9001. ISO 14001 og OHSAS 18001, og satsar på grøne løysingar. Å få samarbeida med ein aktør med stor fokus på bærekraftig teknologi er svært stimulerande. Me får brukt vår kompetanse på hybrid teknologi og har som mål å utvikla oss til ein viktig aktør i Norge på dette området. Her betyr vårt søsterselskap LOS Elektro sjølvsagt mykje, avsluttar han.