LOS Marine får ny dagleg leiar: -Skal leia ein utruleg kunnskapsrik gjeng

Selskapet LOS Marine i Rubbestadneset har fått ny dagleg leiar. 12. mars tok Halsnøybuen Olav Hilmar Koløy til i den spennande oppgåva å leia den tradisjonsrike bedrifta i Rubbestadneset. Framtida er usedvanleg spennande. ­- Satsinga med den nye dokken og klynga i Rubbestadneset kjem til å gi store ringverknader både i kommunen og regionen, men også i heile Norge, seier Koløy.

Mykje kompetanse å byggja vidare på

–  Folk på Bømlo er svært stolte av og lojale til bedriftene sine. Det er svært positivt og eg trur det er ganske unikt for Bømlo. Eigarane er jordnære og folk respekterer kvarandre uansett kva nivå ein er på i bedrifta, fortel Koløy entusiastisk vidare. –  Det skal vera ope mellom meg og alle i LOS Marine, og ansiktet ut er jo nettopp dei tilsette, ikkje berre den daglege leiaren!

–  Det er ein utruleg kunnskapsrik gjeng eg skal leia framover, slår Koløy fast. –  Denne kunnskapen skal me sørga for blir delt og overlevert til nye, yngre medarbeidarar i eit godt system. Me skal gjera fleire til «poteter»; allsidige, dyktige fagfolk som kan gjera mange ting. Det gir oss ein fleksibel organisasjon med evne til stor effektivitet. Me skal levera slik me har avtalt med kunden!

Allsidig karriere og artige opplevingar

Olav fortel at starten på arbeidslivet for hans del var som hjelpearbeidar hos Mjellem & Karlsen på Halsnøy i 1994. Etter det har han vore innom mange bedrifter og arbeidd både lokalt og ute i verda.  – Då eg kom til Kina og møtte ho som skulle introdusera meg som «site manager» i eit byggeprosjekt der, seier ho; «Du ser mykje betre ut i verkelegheita», ho hadde nemleg googla navnet mitt og fått opp eit revybilde der eg poserer i rosa ballerinakjole, ler Koløy.

Koløy pendlar frå Halsnøy til Rubbestadneset kvar dag. Det er heilt uproblematisk. Når du har jobba med prosjektpendling, vekependling og andre arbeidsformer over heile verda er det å komma heim kvar ettermiddag eit stort gode, fortel han. Han har allereie begynt å syngja i kor igjen, ei interesse han har hatt i mange år.

Har høge ambisjonar for LOS Marine

– Det nye som no skjer i Rubbestadneset er svært spennande. Det skal ein ny, stor dokk på plass og det vil bety ei stor auke i oppdrag fordi me kan ta større båtar inn, og me kan rekna på mange fleire jobbar.  –  Det betyr at me skal byggja ein større organisasjon framover og rigga oss for nye, interessante oppdrag, avsluttar Koløy.