Lærlingane er ryggraden i LOS

LOS Gruppen satsar for framtida. Utbygging av industriområdet og omstrukturering av LOS-konsernet går hand i hand. Konsernet etablerer nye bedrifter som skal spissa satsinga innanfor ulike marknadsområde. – Me treng ungdom for å utvikle oss vidare, seier Arne Mæland, styreleiar i LOS Gruppen. – Me har gjennom våre 35 år hatt over 150 lærlingar som har gått inn i fast arbeid hos oss og dei er i dag ryggraden i selskapa!

Er i gong i Rubbestadneset

Maskinane er i gong med boring og sprenging der det skal byggast i Rubbestadneset. Det første bygget som kjem, er forskingssenteret der Unitech og LOS-gruppen skal halda hus. Seinare kjem den nye dokken som vil kunna ta dei største båtane, t.d. Hurtigruten. Dokken skal også nyttast til forsking på utstyr som skal nyttast under vass-overflata, i tillegg til avansert lasting av spesialutstyr.

– Me skal bemanna oss opp framover, slik at me kan vera rigga for betydeleg større aktivitet når dokken og det nye er på plass, seier styreleiar Mæland. – Då treng me lærlingar innan ulike disiplinar, både elektro, automasjon, industrimekanikk, kontorfag, industrirøyrlegging og plate/sveis. Og me treng dyktige fagarbeidarar innan industrimekanikk, industrirøyrlegging, høgspentmontering og skipselektro.

Unge får ansvar i LOS

Håkon Kvarven er 25 år og allereie formann og prosjektleiar på enkelte prosjekt. Dei som vil, får gode høve til å utvikla seg i LOS. – Eg starta som lærling i LOS Elektro i 2011, tok fagprøven i 2013 og har hatt spennande jobbar i forskjellige prosjekt etter det, seier Håkon. Han er ein av dei som søker høg spenning både på jobb og i fritida. Som videobloggar og ekstremsportutøvar trivst han med det me andre kallar halsbrekkande stunt. Han filmar og legg det ut på nettet i tillegg.

– Det er viktig for oss å legga til rette for dei ulike fasane ungdom går gjennom. Me har unge som ynskjer å vera nær heimen i småbarnsfasen, seier Jakob Særstein, gründer og konsernsjef i LOS. – Så har me andre som likar å ha lengre friperiodar og trivst med reise- eller Nordsjøjobbar. Me veks og satsar ut over vår lokale region, difor kjem me til å få enno fleire jobbar andre stader, både i Noreg, Skandinavia og ut i verda. Og det betyr reising for fleire av oss.

Utvidar horisonten – og treng dei unge

LOS Gruppen er i ferd med å løfta blikket og satsa strategisk framover. – Me utvidar horisonten og kjem til å etablera fleire nye selskap i konsernet.

Begge gründerane i LOS Elektro, Jakob Særsten og Martin Lønning har hatt fartstid som lærarar på den vidaregåande skulen i Rubbestadneset. Dei kjenner difor til den gode skulen og har nytt godt av stadig nye, flinke ungdomar som lærlingar. Gjennom åra har det blir mange, og dei håpar skulen kan fortsetta å utdanna ungdom frå regionen også i framtida. – Me har stor tru på framtida! Den er elektrisk og verda ligg open for bedrifter som bygger på solid arbeidskultur, dyktige og innovative medarbeidarar og digital ungdom, avsluttar styreformannen i konsernet, Arne Mæland.