LOS Elektro feirar førti år som selskap

LOS Gruppen
-
17/11/2023

I 1983 grunnla Jakob Særsten og Martin Lønning elektrikarselskapet Lønning og Særsten AS, som 13 år seinare endra namnet til LOS Elektro AS. Sidan den gong har LOS Elektro vokse mykje. Frå å starta som eit elektrikarselskap på Bømlo, er LOS Gruppen no eit konsern med heile 14 ulike selskap rundt om i heile landet.

 

Da heile starta som ein kjellarbedrift. No kan LOS Elektro sjå tilbake på 40 år som selskap med til saman 280 tilsette. Selskapet har utvikla seg til å bli ein komplett elektroleverandør, og i dag tilbyr dei eit breitt spekter av elektrotenester både innan privat og offentleg sektor.

 

Dagleg leiar, Oddgeir Alvsvåg, har tru på framtida til selskapet. Særleg med tanke på miljøutfordringane me står ovanfor, der LOS Elektros kompetanse innafor elektro vil vera ein bidragsytar for å nå våre felles miljømål.

 

Han uttrykkjer stoltheit over utviklinga til selskapet og seier:

- Det er fantastisk å sjå tilbake på alt me har oppnådd.
Line 10 år i selskapet, Andreas 25 år i selskapet

 Feiringa av 40 år som selskap og hyllinga til dei lojale tilsette

På grunn av 40-årsjubileet arrangerte LOS Elektro ei storslått feiring i Bergen, der rundt 360 deltakarar bidrog til ei festleg stemning gjennom heile kvelden. Tilsette med både 10 og 25 års jubileum vart spesielt heidra denne dagen.

10-årsjubilanter: Thomas,Kristoffer, Kim-Stian, Thomas og Asgeir.
- Tidlegare på dagen heldt grunnleggjar Jakob Særsten og eg taler, der me applauderte dei nye lærlingane våre og hedra dei med fagbrev, i tillegg til litt informasjon om stoda. Me utmerkte også grunnleggjarane og dei som har vore tilsette i høvesvis 10 og 25 år, og dessutan andre som har hatt stor innverknad på selskapet gjennom åra. Alt i alt var det fantastisk fint å få delta saman med dei tilsette og deira følge på dette jubileet, konkluderer Alvsvåg
Interessert i noen av våre tjenester?

Lurer du på hvordan vi kan hjelpe deg?