Kick-start karriera som lærling i LOS Elektro

LOS Gruppen
-
7/2/2024

Drøymer du om ei karriere i elektrobransjen? Sjansen er her no!

 

Bli elektrikar-eller automatikarlærling i LOS Elektro, og ver med på spanande prosjekt, få utfordre deg i eit mangfaldig arbeidsmiljø, og bli del av ei bedrift som forstår verdien av å utvikle lærlingar til gode fagarbeidarar.  

 

Albert Skår, elektrikarlærling på andre året, valde å søke lærlingstilling i LOS Elektro fordi han hadde høyrt at dette var ein god stad å jobbe. Han arbeidar no på det nye fryseanlegget til Bremnes Seashore, og fortel han trivst så godti LOS Elektro, at han ønskjer å fortsette som elektrikar i bedrifta når han har teke fagbrevet.

 

Ein viktig faktor for Skår si trivsel, er det gode arbeidsmiljøet i LOS Elektro. Han fortel at han har blitt teken godt imot av dyktige kollegaer, og at det er kjekt å jobbe i team med andre frå LOS Elektro ute hos kundar. -Eg vil absolutt anbefale andre å vere lærling her. Det er ikkje berre ein jobb, men ein sjanse til å utvikle seg sjølv i eit selskap som er i fronten av elektrobransjen, seier han.

 

Albert fortel vidare at han har vore med på fleire lengre prosjekt tidlegare, som teknologisenteretpå Rubbestadneset og ei bustadblokk i Haugesund. -Det er kjekt å delta i lengre prosjekt og følgje utviklinga frå start til slutt, seier Skår. Han fortel han får jobbe med mykje forskjellig, og difor får brei kompetanse. Han har blant anna tatt sertifikat på lift for å arbeide i høgda.

 

Inge F. Tverborgvik, avdelingsleiar og ansvarleg for lærlingar i LOS Elektro, understrekar kor avgjerande lærlingane er for bedrifta. -Lærlingane våre er hjartet av bedrifta vår. Dei er uvurderlege bidragsytarar som utgjer den viktigaste delen av LOS Elektro, seier Tverborgvik. Difor tar dei kvart år inn motiverte ungdommar som lærlingar innan elektro og automasjon, og er opptekne å få fleire dyktigej enter på laget.  

 

I LOS Elektro har ein fokus på å legge til rette for personleg og fagleg vekst. -Her blir du ikkje berre ein tilsett. Me utdannar LOS-arar; gode fagfolk som er stolte av identiteten sin, fortset Tverborgvik. Han understrekar at elektrobransjen er ein framtidsretta bransje, og ein vil ha stort behov for elektrikarar og automatikarar i åra framover mot eit grønare Noreg. -Ein blir aldri ferdig utlærd i elektrobransjen!, avsluttar Tverborgvik.

 

Er du klar for å ta styringa over di eiga karriere? LOS Elektro opnar no døra for både elektrikarlærlingar og automatikarlærlingar. Her er det rom for å utforske ulike sider av elektrofaget. Kva du enn vel, vil karriera di få ein solid start som lærling hos LOS Elektro. Søk i dag, og grip sjansen til å forme di eiga framtid i elektrobransjen.

Interessert i noen av våre tjenester?

Lurer du på hvordan vi kan hjelpe deg?